Kva er bistand?

En jente klatrer barbeint på en stor, skrå trestamme over vannet ved elvebredden. Hun har på seg en fargerik sommerkjole, og er omringet av tett, grønn regnskog i bakgrunnen. Vannet flyter rolig, og trærne rundt gir et naturlig og eventyrlig preg til scenen.

Når vi snakkar om bistand i Noreg, snakkar vi som regel om offentlege middel som går til sosial og økonomisk utvikling i fattige land. Føremålet er vidt og derfor går også diskusjonen kontinuerleg om kva bistand faktisk er.

Internasjonal standard – ODA  

Både blant dei som gir og tek imot bistand er det ofte ulike meiningar om kva som gir utvikling, når og korleis.  

Derfor har «Development Assistance Committee» (DAC), sett ein internasjonal standard for kva som kan reknast som bistand. Denne standarden heiter «Official Development Assistance» forkorta ODA. Dette er det internasjonale ordet for bistand.   

DAC er utviklingskomiteen i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og det viktigste forumet for givarland. Dei fleste tradisjonelle givarlanda, inkludert Noreg, er medlem. 

Auke velferd  

Ifølgje DAC-definisjonen er hovudmålet til bistand å auke den økonomiske og sosiale utviklinga. Det skjer gjennom støtte på ulikt vis. Det kan vere grunnleggande tenester til befolkninga, større og mindre utviklingsprogram, budsjettstøtte til styresmakter, materiell, ulike slags aktivitetar eller tenester basert på kunnskap og ekspertise som bidrar til å auke velferda i eitt eller fleire utviklingsland.  

Utviklingsland er land som er definerte som låg- eller mellominntektsland. Lista over land som kan få ODA, blir oppdatert kvart tredje år. Land som har vore høginntektsland samanhangande i tre år går ut av lista. 

Svært mange typar støtte  

Så lenge bistanden er i tråd med føremålet om å bidra til å auke velferda i utviklingsland, er det opp til givarlandet å bestemme innhaldet i støtta. Heilt sidan utviklingskomiteen i OECD starta i 1960, har det derfor vore svært mange og svært ulike bistandsprosjekt.  

Ulike tema, ulike prosjekt, ulike initiativ og ikkje minst ulike budsjett. Slik er bistanden. Nye konfliktar og utviklingstrekk i fattige land har ført til forskjellige satsingsområde over tid. Nye idear og kunnskap, eller endra politisk retning i givarlanda, kan forandre på prioriteringane.  

I dag rommar til dømes ODA alt frå bygging av brønnar og røyranlegg til klimatiltak, garantiordningar for private investeringar, demokrati og institusjonsstøtte og vern av sårbare grupper og minoritetar.  

Militære er i all hovudsak ikkje rekna som bistand sjølv om også militær innsats kan ha som føremål å verne fred og stabilitet i utviklingsland. 

Noreg støttar i liten grad enkeltland direkte, men støttar prosjekt gjennom gjennom til dømes FN, sivilsamfunnsorganisasjonar,og utviklingsbankar.

Mål om 0,7 prosent 

I 1970 vedtok Generalforsamlinga i FN at alle rike land skal ha som mål at 0,7 prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) går til bistand. Resolusjonen sa at dette målet skulle vera på plass innan 1975. Sverige, Nederland, Noreg og Danmark nådde dette målet allereie i 1980, men gjennomsnittet i DAC-landa har aldri overstige 0,4 prosent. Uansett regjering har Noreg lenge hatt eit mål om å gje éin prosent av BNI til bistand. 

Utviklingsbistand og naudhjelp 

Eit viktig prinsipielt skilje innanfor ODA går mellom den langsiktige utviklingsbistanden og humanitær naudhjelp. Den langsiktige utviklingsbistanden skal bidra til økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon. Ideelt sett bør politiske og faglege vurderingar i givarlandet harmonere med dei politiske prioriteringane i samarbeidslandet/mottakarlandet og koordinerast godt med andre givarland.  

Den humanitære bistanden er derimot kortsiktig og behovsstyrt, og skal vere upartisk og uavhengig av prioriteringane til nasjonale styresmakter.  

Bistand i endring  

Den tradisjonelle bistanden definert som ODA er under press. Store bistandsland som USA, Storbritannia, Tyskland og Frankrike har kutta kraftig i bistanden. Internasjonalt og her i Noreg er det tydelege føringar om å effektivisere bistanden og gjere den meir treffsikker. For å yte bistand er det naudsynt å tenkje nytt gjennom partnarskap og samarbeid med private aktørar.  

Aukande konfliktnivå og klimaendringar er viktige utviklingstrekk som er med på å endre innrettinga av den tradisjonelle bistanden.

Publisert 06.08.2024
Publisert 06.08.2024
Oppdatert 12.11.2025
Oppdatert 12.11.2025